Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Vi ønsker Torhild velkommen til landbruksavdelinga.
18.12.2025
16.12.2025
I dei mest alvorlege dyrevelferdssakene skal kommunen vurdera om dyrehaldet har rett på produksjonstilskot. I 2024 sendte Mattilsynet 19 dyrevelferdsaker til landbruksforvaltninga i Rogaland. 14 av desse sakene er følgt opp med eit avslag på tilskot.
09.12.2025
Kor rusta er landbruket når krisa kjem? Det må vi få meir kunnskap om! Difor ber me deg som er bonde svare på spørjeundersøkinga om beredskap på eigen gard.
03.12.2025
Det ryktast at produsentar er usikre på om tilleggsfôring på beite er tillate. Vi ønskjer derfor å presisere at tilleggsfôring ikkje er ulovleg, men det må vurderast i lys av driftsform, føremål og virkning.
28.11.2025
I 2024 blei det betalt ut heile 2,4 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot til bønder i Rogaland. Dei andre tilskotsordningane kjem i tillegg til dette. Statsforvaltaren har kvart år kontroll av eit utval kommunar for å sjekka at midlane blir betalt ut i tråd med regelverket.
14.11.2025
Fagleg rettleiar som skal gjere landbruksrådgivarar tryggare i møte med bønder som står i krevjande livssituasjonar er no lansert. Målet er å gi kunnskap og verktøy som gjer det mogleg å gripe inn tidleg – og hindre tragediar som kan ramme både menneske og dyr.
13.11.2025
To ferske rapportar frå NORCE og Ecofact gir oppdatert innsikt i tilstanden i Hålandsvatnet. Ekspertgruppa i delprosjektet er no i gang med å vurdere aktuelle tiltak basert på fleire vurderingskriterier.
07.11.2025
Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde? Det er hovudtema for fagmøte i Tysvær, 18. november.
Mattilsynet har innført ei infisert sone for fugleinfluensa i delar av Rogaland etter påvising av høgpatogen aviær influensa (HPAI) hos ville fuglar. Tiltaka gjeld for kommunane Stavanger, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt tidlegare Forsand kommune), Klepp, Time og Hå.
06.11.2025
Webinar om investeringsmidlar i landbruket tysdag 2. desember 2025 kl 9:00-11:00 på Teams.
Vi ønsker kommunene velkommen til webinar om gjødselbrukforskriften onsdag 19. november.
05.11.2025