Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Om oss

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og arbeider for at Stortinget og regjeringa sine vedtak blir følgde opp i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 18.11.2021

statsforvaltar Bent Høie

Vi tar vare på Rogaland

"Vi tar vare på Rogaland ved å leggje til rette for utvikling og medverke til å samordne statleg verksemd i fylket. Statsforvaltaren arbeider til beste for alle som bur i fylket. Det gjer vi ved å behandle sakene rett og raskt og ha ein open og imøtekommande haldning til alle som vender seg til oss."

   

 

Statsforvaltaren representerer dei fleste departementa og fleire direktorat, har sentrale tilsyns- og kontrolloppgåver retta både mot kommunar og private og skal dessutan samordna statleg verksemd i fylket.

Statsforvaltaren har såleis eit mangfald av roller og funksjonar. Desse kan oppsummerast slik:

  • Vera bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggarar
  • Utøva myndigheits-, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonar
  • Medverka i fornyings- og utviklingsarbeid

Klikk her for informasjon om dei andre statsforvaltarane. 

Statsforvaltar Bent Høie

Bent Høie (f. 1971) er statsforvaltar i Rogaland. Høie blei i statsråd 26. oktober

2018 utnemnt til fylkesmann, nå statsforvaltar, i Rogaland. Høie tiltredde 1. november 2021.

Bent Høie var helseminister frå 2013 til 2021 i Solberg-regjeringa. Han var stortingsrepresentant for Rogaland i perioden 2000–2021 og var mellom 2010 og 2020 andre nestleiar i Høgre.

Høie har særleg markert seg som helse- og sosialpolitikar. Før han blei statsråd i regjeringa, var han leiar for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget mellom 2009 og 2013.

Starta i lokalpolitikken i heimfylket

Høie starta si politiske karriere i heimfylket Rogaland. Han var innvalt i fylkestinget frå 1991 til 2003. Han leia Rogaland Unge Høyre frå 1990 til 1992. Han var kommunestyremedlem i heimkommunen Randaberg i 1991–1995 og seinare bystyremedlem i Stavanger i 1999–2003.

Bierverv som er godkjende av departementet

  • Leiar offentleg utval som greier ut berekrafta i det norske matsystemet. Pågår til november 2026.
  • Leiar styret i Stiftelsen Beitostølen Helsesportssenter.
  • Sit i fagleg referansegruppe for aldring og helse, Helse Sør-Øst.

Bi-erverv som er avslutta

  • Medlem av ekspertgruppe som greidde ut tilrådingar om Noregs satsing på global helse (Stoltenbergutvalet).

Kommunar i Rogaland


Miljøfyrtårn

Statsforvaltaren i Rogaland er eit miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentera miljøinnsatsen sin og visa samfunnsansvar. 


Aktuelt

VISJONEN VÅR

• Vi tar vare på Rogaland

VERDIANE VÅRE

• Open

• Tydeleg

• Truverdig

Lenkjer