Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Matproduksjon er meir enn nokon gang på dagsorden, det same gjeld klima og miljøfeltet. Vil du arbeide for eit berekraftig landbruk, då har vi ledig fast stilling til deg.
09.04.2026
Ein grov tommelfingerregel for mange bønder er å spreie husdyrgjødsla før påske. Låge temperaturar, mykje nedbør og vassjuk innmark i vekene før påske gav ei forsinka våronn fleire stader i Rogaland samanlikna med tidlegare år.
08.04.2026
Ny gjødselbrukforskrift er på plass. Frå og med 2026 skal ikkje kommunane avkorta produksjonstilskotet dersom føretaket manglar eller har ein mangelfull gjødslingsplan. For søknadar om regionalt miljøtilskot er det derimot framleis eit vilkår at føretaket har ein gjødslingsplan, og kommunen skal avkorta tilskotet dersom denne manglar eller er mangelfull.
07.04.2026
Er jordbruket klar for neste krise? Over 40 prosent av bøndene i Rogaland har svart på spørsmål om beredskap ved bortfall av vann og strøm.
31.03.2026
I Noreg er det ordinær bandtvang frå 1. april til 20. august med omsyn til vilt og husdyr.
30.03.2026
27.03.2026
24.03.2026
Kva skjer med matsikkerheita når klimaet endrar seg – og kva betyr det for Rogaland? På landbrukskonferansen nyleg la Bob van Oort, seniorforskar frå CICERO, fram nye oversikter som viser at utfordringane er i ferd med å bli både tydelegare og nærare.
18.03.2026
Statsforvaltaren inviterer igjen til den årlege fagsamlinga for landbruksforvaltninga – ein viktig arena der vi styrkjer beredskap, deler kunnskap og byggjer eit breiare nettverk på tvers av stat og kommune.
17.03.2026
Sum utbetalt produksjons- og avløysartilskot i Rogaland var i 2025 opp 3,2 prosent pr føretak i forhold til året før. Prisveksten i samfunnet var 3,1 prosent.
11.03.2026
Rogaland fylkeskommune har starta arbeidet med ny fylkesplan for regional utvikling og mobilitet (FRAM-plan). Det er lagt opp til eit relativt omfattande planarbeid med mål om første vedtak i fylkestinget i juni 2027. Statsforvaltaren har i uttale til planprogram peika på at landbruk og jordvern er viktige tema i planarbeidet.
10.03.2026
Landbruks- og matdepartementet har i brev av 27. februar 2026 gitt rammer til Innovasjon Norge si forvalting av dei næringsretta verkemidla på landbruks- og bioøkonomiområdet for 2026. Det er godt kjend at det er mange saker i kø for å få investeringsstøtte.