Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I samband med feiring av 100 års jubiléet for kvinner sin stemmerett, kan du nå sjå ein spennande og informativ temautstilling i Statens Hus på Lagårdsveien. Utstillinga er open mellom 8 og 15.30.
03.05.2013
Krava til medaljekandidatane sin innsats er blitt strengare etter endringa i mars i fjor, og Slottet har delt ut betydeleg færre medaljar i året som gjekk.
25.02.2013
Spennande tema, gode innleiarar og rekordhøgt frammøte danna hovudramma for årets sikkerheitskonferanse, som blei arrangert for 10. gang. Justis- og beredskapsminister Grete Faremo var hovudtaler og hun starta foredraget sitt med å fortelje at konferansen er eit førebilete på samvirke som er eit av prinsippa som beredskapsarbeidet må byggje på.
11.01.2013
Dei to neste åra skal vi markere to viktige jubiléer; 100 års jubiléet for kvinner sin stemmerett i 2013 og grunnlovsjubiléet i 2014. Fylkeskomiteen ønskjer stort engasjement, brei deltaking og gode idéar.
08.01.2013
Ekstremvêret som har råka delar av fylket, med sterk vind og snøfokk, har skapt mange ufordringar. På tross av stengde vegar, straumutfall nokre stader, tog som ikkje har gått og full storm, er det ikkje meldt om alvorlege hendingar og det ser ut til at kommunane, e-verka, vegvesenet og politiet har kontroll på situasjonen.
15.12.2012
Det voldsame snøvêret siste døgn har skapt problem for kommunar og enkeltpersonar i delar av fylket. Situasjonen har vore særleg ille i jærregionen og andre stader i sør-fylket. Barnehagar og skolar har vore stengt i fleire kommunar og ei rekkje vegar har vore uframkommelege.
13.12.2012
Som du ser, er nettsida vår nå forskjellig frå det du er van med. Før var det nyheitene som dominerte førstesida. Nå finn du i staden ni temaområde med mykje informasjon om dei mest brukte tenestene og oppgåvene våre.
04.12.2012