Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa har ein ambisjon om å gjeste alle kommunane i Rogaland dette halvåret. No er ho i gang.
05.02.2014
Tala for skilde auka med 6 % medan 2 % fleire separerte seg i 2013 samanligna med året før.
10.01.2014
Regjeringa har vedteke at alle statlege etatar skal flagge i samband med gravferda til Nelson Mandela, 15. desember. Ein oppmodar kommunane og fylkeskommunen til å gjere det same.
06.12.2013
Den 10.11.2013 blei det arrangert ei vellukka seremoni for nye statsborgarar i Statens Hus. Meir enn 300 gjester var til stades på den høgtidelege seremonien. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leia den formelle delen av arrangementet.
25.11.2013
H.K.H.Kronprinsen er torsdag 7. november 2013 til stades ved opninga av utstillinga «Kongelige kjøretøy 1905 - 1945 Fra Berliner til Buick» på Jærmuseet Vitengarden på Nærbø i Rogaland. Utstillinga er organisert av Nasjonalmuseet som ein del av regjeringa si gåve til kongeparet sine 75-årsdagar i 2012, og har tidlegare i år vore vist i Trondheim.
01.11.2013
Magnhild Meltveit Kleppa har tatt fatt på gjerninga som fylkesmann i Rogaland. 1. november tok ho over som staten sin fremste representant i fylket.
Statsborgarseremonien søndag 10. november går føre seg i Statens hus. Hovudtalar denne gong er stortingsrepresentant Olaug Bollestad.
31.10.2013
Tora Aasland sluttar som fylkesmann 31. oktober, etter meir enn 20 års virke i stillinga. Med det er ho ein av dei fylkesmennene som har vore lengst i eit slikt embete. Det blir offisiell markering av hendinga i Statens Hus på hennar siste arbeidsdag.
28.10.2013
Grunnjevinga for utnemninga er hennar innsats for norsk kyrkje- og samfunnsliv.
Dei blei lønna for redningsdåd 19. februar i år i Gjesdal. Ein mann på traktor hadde køyrt gjennom isen på eit vann i Seldalsheia. Winther og Haglund kraup ut på isen og fekk halt mannen på land.
03.09.2013
Statsborgarseremonien søndag 02. juni går føre seg i Statens hus. Hovudtalar denne gong er stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa.
28.05.2013
Onsdag 29. mai kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Time vidaregåande skole på Bryne for å vere med på Dignity Day.
24.05.2013