Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2021. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2022.
14.02.2022
Statsforvaltaren i Vestland vil ikkje lenger krevje at det leggjast ved takst frå takstmann ved søknader om sal av eigedom. Vi vil samstundes heller ikkje krevje at takstmann set verdi på bustaden som skal seljast.
26.01.2022
Frå 1. januar 2022 vil ikkje lenger Statsforvaltaren i Vestland dekke gebyret for å tinglyse attester om framtidsfullmakter. Frå nyttår må gebyret betalast av fullmektigen med fullmaktsgjevaren sine midlar.
21.12.2021
Dersom den du er verje for ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til jol, bør du sende oss ein søknad om bruk av kapital så snart som råd.
29.11.2021
UDI og UNE har utsett utreiseplikta til Afghanistan til 31. januar 2022.
16.09.2021
Frå 1. september vil Statsforvaltaren i Vestland ta i bruk nye typar verjefullmakter i nye verjemålssaker.
30.08.2021
Du kan stemme ved årets Stortings- og sametingsval sjølv om du har fått oppnemnd verje.
23.08.2021
Dersom verja har mandat til å ta hand om personlege interesser, kan han eller ho bestille koronasertifikat for personen med verje ved å sende eit brev til HELFO.
16.07.2021
Grunna overgang til ny arkivkjerne i verjemålssaker, får vi i ein kort periode ikkje lesetilgang til meldingar du har sendt oss via Altinn frå den 6. august.
Koronasertifikat er tilgjengeleg ved å logge inn med bruk av bank-ID på Helse Norge. Bank-ID er personleg, og kan ikkje brukast av andre. For personar som ikkje har eigen bank-ID, kan ei løysing vere å gje fullmakt til representasjon på Helse Norge.
28.06.2021