Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Vi har fått tilbakemelding på at verjer som nyttar E-boks som digital postkasse, får "blanke" forsendingar frå oss med temaet "Innsending av verjerapport". Forsendinga som har feila er det årlege brevet med informasjon om verjerapporten (tidl. verjerekneskap) for 2024.
12.02.2025
Alle verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal levere verjerapport for 2024. Dokumenta i rapporten skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2025.
03.02.2025
Frå 1. januar 2025 er det gjort endringar i reglane for godtgjering til verjer.
17.01.2025
Ved innlevering av den årlege verjerekneskapen, minner vi om at verja skal sende oss kontoutskrifter og ikkje transaksjonsutskrifter.
På grunn av jul, er telefonnummeret til verjemålsseksjonen (55572300) stengt frå måndag 23. desember 2024 til fredag 3. januar 2025. Telefonen blir betent som normalt igjen frå måndag 6. januar 2025 med telefontid måndag til onsdag frå klokka 12:00 til 14:00.
17.12.2024
Oppnemnde verjer skal kvart år levere verjerekneskap til Statsforvaltaren. Årleg kontroll av verjerekneskap er ein sentral del av Statsforvaltaren sitt tilsyn med oppnemnde verjer, for å sikre at verjehavar sine interesser vert ivaretekne av verja på ein god og forsvarleg måte.
11.12.2024
På grunn av ferieavvikling er telefonnummeret til verjemålsseksjonen (55572300) stengt i veke 30 og 31. Telefonen vil bli betent som normalt igjen frå måndag 05.08.2024.
18.07.2024
Statsforvaltaren i Vestland legg om praksis knytt til oppfølgning og kontroll av dødsbuskifter med vaksne personar som har verje: Dersom arvingen med verje er vaksen og ikkje fråteken den rettslege handleevna, treng vi ikkje lenger å få tilsendt ei oppstilling over buet med forslag til fordeling av arven for kontroll.
06.06.2024
Skatteetaten vil ta i bruk registeret for digitale verjefullmakter når dei sender ut skattemeldinga for 2023. Dette inneber at verja kun treng å logge seg inn med eiga Bank-id for å få tilgang til skattemeldinga til verjehavar.
07.03.2024
Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2023. Dokumenta i rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2024.
15.02.2024