Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
På grunn av ferieavvikling, er publikumstelefonen til verjemålsseksjonen (55572300) stengt i veke 30 og 31. I utgangspunktet blir det heller ikkje gjort utbetalingar frå kapitalkontoar vi forvaltar på vegner av personar med verje i denne perioden.
16.07.2026
Vi treng fleire faste verjer i områda Sogn, Nordfjord og Sunnfjord.
18.06.2026
Grunna eit internt arrangement, er verjemålsseksjonen sin publikumstelefon (55572300) stengt frå klokka 12:00 til klokka 13:00 tysdag den 02.06.2026. Telefonenlinja er altså berre open frå klokka 13:00 til klokka 14:00.
01.06.2026
Skatteetaten har lansert ei løysing som gjer framtidsfullmektig utpeikt i ei framtidsfullmakt digital tilgang til framtidsfullmaktsgjevaren sine skatteforhold (skattekort, skattemelding og skatteoppgjer) dersom framtidsfullmakta gjer dekning for det.
27.04.2026
Dersom verjehavar ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til ferien, bør verja sende oss søknad om bruk av kapital snarast råd.
15.04.2026
Grunna påske, er verjemålsseksjonen sin publikumstelefon (55572300) stengt onsdag den 1. april 2026.
26.03.2026
Verjer som skal sende skjemaet Verjerapport (Årleg og avsluttande erklæring om økonomiforvaltning) via www.altinn.no, må logge seg inn med eiga brukar.
Vi treng fleire representantar og verjer for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i områda kring Stord, Voss, Ullensvang og Florø.
25.03.2026
For verjemålssaker som vert avslutta etter 30.06.2026, vil Statsforvaltaren i Vestland krevje timeliste for alt avsluttande arbeid. Dette gjeld både ved opphøyr av verjemål, byte av verje og saker der verjehavar er død.
24.03.2026
Alle verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal levere verjerapport for 2025. Dokumenta i rapporten skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2026.
03.02.2026