Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold som det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapsvurdering av økonomien i kommunen når vi fordeler den tildelte ramma til kommunane.
16.10.2025
Regjeringa Støre har lagt fram Statsbudsjettet for 2026. Veksten i frie inntekter for kommunesektoren samla er berekna til 4,2 milliardar kroner. Det er i nedre grense av intervallet som vart varsla i kommuneproposisjonen i mai. Kommunane sin del av den samla veksten i frie inntekter er 3,2 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 1 mrd. kroner.
Tal henta frå inntakssystemet VIGO viser at talet på fråværet for elevar på 10. trinn i Vestland ligg på median 9 for dagsfråværet og median 7 for tal timefråvær. Det er eit auke med ein heil dag og ein heil time samanlikna med skuleåret 2022-23.
15.10.2025
Vi har ledig stilling som leiar for seksjon justis og byggjesak, og søkjer ein engasjert leiar som vil vere med og sikre rettstryggleiken i Vestland.
Vi opphevar Bremanger kommune sitt vedtak om hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset, og sender saka attende til kommunen for ny handsaming. Bakgrunnen for dette er at kommunen ikkje har gjort ei sjølvstendig vurdering etter føresegna i naturmangfaldslova.
08.10.2025
Etter stormen Amy er det mange skader på hus, skog og straumlinjer. Rydding og reparering av slike skader kan vere svært farleg, og bør gjerast av dei som kan det.
05.10.2025
Det er venta svært kraftig vind og mykje regn i helga, særleg fredag kveld og natt til laurdag. – Vi oppmodar om å sikre eller rydde vekk lause gjenstandar. La bilen stå, og hald deg gjerne inne, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
03.10.2025
Nokre av kulturlandskapa i Vestland har vore kåra til det dei vakraste i verda. No er dei seks kandidatane til årets kulturlandskapspris for Vestland valt ut, av dei 27 nominerte. Du kan bli kjend med dei seks kandidatane i denne artikkelen. Vinnaren vert utropt 19. november 2025 av Vestland Fylkeskommune.
12.09.2025
Statsforvaltaren gjennomfører i haust tilsyn for å sjå om kommunar og verksemder følgjer dei nye krava til utsortering og handtering av avfall.
02.09.2025
Utdanningsdirektoratet har skrive ei tolkingsuttale som gjeld PP-tenesta si rolle ved bekymringsfullt skulefråvær.