Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I dag er ein merkedag for det marine naturmangfaldet: Kongen i statsråd har vedteke å opprette fire nye marine verneområde i Noreg, der tre ligg i Vestland. Krossfjorden, Ytre Hardangerfjorden og Dalsfjorden får no status som verna område for å sikre unik undervassnatur for framtida.
13.02.2026
Matjorda vår er ein ikkje fornybar ressurs, og grunnlaget for matproduksjon både no og i framtida. No kan kommunane få pengar til å lage ein jordvernstrategi.
11.02.2026
Dei to biogassanlegga Renevo AS på Stord og BIR AS på Voss klaga på løyvene sine. No har Miljødirektoratet handsama klagesakene.
29.01.2026
Statsforvaltaren i Vestland ber regjeringa ta initiativ til eit nasjonalt arbeid for betre utnytting av biorest frå biogassanlegg og anna organisk avfall. Behovet er akutt: Mengdene organisk avfall aukar kraftig, samstundes som det manglar løysingar som sikrar trygg og sirkulær bruk av ressursane utan å skape forureining.
Frå 1. januar 2026 gjeld ei ny statleg tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole. Ordninga gir kommunar og private barnehage- og skuleeigarar høve til å søkje om midlar til kompetanseutvikling som er forankra i lokale behov.
27.01.2026
Fyrer du med almeved? Unngå i så fall å transportere veden til andre stader enn der han blei hogd. Almesjuke er no påvist fleire stader i Sogn, eit av kjerneområda for alm i Noreg. Det er viktig at kommunar og enkeltpersonar veit kva dei kan gjere for å avgrense spreiinga av sjukdomen.
22.01.2026
Sider frå Sogn har no ei merkeordning for sine produkt på lik linje med Parmigiano Reggiano, Prosciutto di Parma, Balsamico di Modena i Italia og Champagne i Frankrike.
20.01.2026
Godt samarbeid mellom partane sentralt og lokalt er så viktig at det er sett av midlar i hovudtariffavtalane for felles opplæring. I Vestland går midlane til ein felles samarbeidskonferanse for statlege verksemder. Påmeldingfristen er 31. januar 2026.
13.01.2026
Vi vurderer at planforslaget, som legg til rette for eit nytt område for akvakultur i Fedje kommune, vil ha negative konsekvensar for naturmangfaldet.
09.01.2026
Tilgang på nok mat og vatn er ein viktig føresetnad for eit fungerande og motstandsdyktig samfunn. Som ledd i arbeidet med å sjå på fylket si evne til å stå i mot uønskte hendingar, har vi gjennomført ein scenarioanalyse av matvareberedskapen i Vestland.