Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fleire bønder på Vestlandet bør investere i solenergi. Eit webinar med dette som tema utløyste stor interesse over heile landet.
01.06.2021
Om lag 700 000 skogplanter skal plantast i Vestland i vår. Koronasituasjonen har også i år ført til ein krevjande situasjon for skogbruket, og det er difor innført eit midlertidig tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021.
31.05.2021
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland og Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid produsert podkastserien Mat og måltid blant eldre. Alle episodene er no publisert.
28.05.2021, Endra 28.05.2021
På to år har Norsk Landbruksrådgiving og kommunane drive rådgiving, planlegging og sakshandsaming for modernisering av nærare 2.000 dekar jordbruksland ved nytting av overskotsmassar.
19.05.2021
Mange kommunar får spørsmål om det er mogeleg å få tilskot til virtuelle gjerde via spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) eller tilskot til tiltak i beiteområde. Her er vår vurdering knytt til desse spørsmåla.
11.05.2021, Endra 17.03.2026
Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi framlegg om vern av Lykkja naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juli 2021.
07.05.2021
Vi tilrår frivillig skogvern av Kudalen i Stad kommune. Skogen har lite spor etter inngrep, og har gamal furuskog med mange artar av lav jamt fordelt i området. Med status som naturreservat vert desse verdiane godt varetekne.
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer i samarbeid med Innovasjon Norge og Bondens marknad ei kort innføring i kva ein marknadshage er, samt støtteordningar innan småskala grønsaksproduksjon, frukt og bær gjennom Innovasjon Norge.
05.05.2021
Bøndene på gardane Styvi og Stigen, i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden, er nominert til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021.
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer webinar om tilskotsordninga "Spesielle miljøtiltak i landbruket" (SMIL) 12. mai. Vi har òg fått med oss Oda Gundersen frå Landbruksdirektoratet som innleiar.
03.05.2021