Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det norske landbruket er opptatt av å gjere drifta mest mogleg klimavenleg. Klimakalkulatoren og klimarådgjeving er to viktige hjelpemiddel for å redusere klimagassutslepp og binde karbon på den einskilde garden.
24.11.2021
Naturmangfaldveka i Vestland er gjennomført for 2021, og om lag 200 personar var innom webinarrekkja. Her finn du alle presentasjonane.
19.11.2021
Gjennom godt samarbeid på tvers av aktørar og kreative satsingar vann siderklynga nyleg bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland.
11.11.2021
Alle som eig eit gardsbruk har varig driveplikt. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan gje fritak frå driveplikta.
Med eit energimarknad i endring og aukande behov for straum til oppvarming, kjøling og drift av landbruksmaskiner, reiskap og foredlingsverksemd, er det viktig å vite om handlingsrommet for optimalisering. Kva er den beste løysinga, korleis koma i gong og kva kan du få stønad til?
08.11.2021
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde lokalmatverksemder frå Fjord Norge reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
29.10.2021
Det er vedteke endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Landbruksforvaltninga får betre verktøy til å følgje opp mellom anna inngrep som øydelegg kulturlandskapet.
28.10.2021
For tredje år på rad arrangerer Bondens marknad kurs i småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. I år legg kurset vekt på marknadshagebonden som entreprenør innan lokalmat.
27.10.2021
Lokalt klima er avgjerande for kva ein kan dyrke, og vurdering av dette er svært nyttig for å lukkast. Statsforvaltaren i Vestland har utarbeida temakart med oversikt over klimasoner.
07.10.2021
Målet med webinaret er at kommunen skal få kjennskap til noko av det som skjer innan klima i landbruket. Tema som vil bli presentert er klimaprosjektet i Vestland, klimakalkulatoren og klimarågjeving på gardsnivå.
04.10.2021