Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Fylkesmannen har vurdert eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i "Kommunetrappa".
08.07.2019
23. april 2019 starta fleire skogbrannar Sokndal kommune. Ein av brannane var nær Hauge i Dalane. Røyken frå brannen, kombinert med vindretninga, førte til at mange hustandar blei evakuerte. Meir strukturert og målretta opplæring av grunneigarar som skal driva med bråtebrenning er eit viktig læringspunkt etter brannen.
28.06.2019
Brannvesenet begynner å få kontroll på brannen i Sokndal, men situasjonen er framleis kritisk. – Brannar har me erfaring med, men denne er den mest dramatiske eg kan huska, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
24.04.2019
Fylkesmannen ber Samferdselsdepartementet etablera streknings-automatisk trafikkontroll (ATK) i Ryfylketunnelen og framtidige undersjøiske tunnelar i Rogaland.
08.03.2019
Den årlege samfunnssikkerhetskonferansen finn stad på UIS 3. januar 2019. Hovudtema denne gong er Lokalt ansvar for nasjonal tryggleik. Det er framleis mogleg å melde seg på!
14.12.2018
Jodtablettar kan gi vern mot kreftsjukdom etter radioaktiv ureining ved ei atomulykke. Dette gjeld særskild for gravide, ammande, barn og unge. Direktorat for strålevern atomtryggleik (DSA) og Helsedirektoratet rår disse gruppene til å ha jodtablettar i heimen. I spesielle tilfelle kan også alle under 40 år bli tilrådde å ta jodtablettar. Du kan kjøpe tablettane reseptfritt på apoteket.
30.10.2018
Regjeringa har vedtatt nye statlege planretningslinjer for klima og energiplanlegging og klimatilpassing. Dette er ei utviding av eksisterande planretningslinjer for klima og energi, til også å gjelde klimatilpasning. Føremålet med revideringa av retningslinjene er at kommunane, fylkeskommune og stat gjennom eiga planlegging skal bidra til å avgrense eller unngå ulemper og skadar grunna klimaendringar, og dra nytte av eventuelle fordelar.
03.10.2018
Rogaland og Agder vil få sterkare vind enn tidlegare varsla, men slepp såvidt unna å bli definert som ekstremvêr.
21.09.2018
NVE gir 78 millionar kroner til flaum- og skredsikring, og miljøtiltak langs vassdrag i 2018. Av 14 innvilga søknadar i landet, er heile fire ifrå Rogaland. Eigersund, Sokndal og Hå får tilskot til flaumsikring, og Suldal får til skredsikring i Suldalslågen.
18.07.2018
ROS-analyser skal sikre at det er trygt for liv, helse og materielle verdiar og miljø i nye byggeområde. Ei ny oppdatert sjekkliste og lenkesamling er laga for å identifisere uønska hendingar til risiko- og sårbar-analyser til arealplan.
17.07.2018
Det uvanleg langvarige finvêret er i ferd med å lede til ei uvant situasjon her på vestlandet; tørke. Grunnvassnivået i Rogaland og i store deler av landet er svært lågt og synkande. Det kan resultere i tørre brønnar, aukande utfordringar for landbruket og endå større skog- og grasbrannfare. Dersom vêret held fram utan regn kan det bli nødvendig å innføre tiltak, som å rasjonere vatn.
06.07.2018
Øvinga Trident Juncture 2018 blir den største øvinga i Norge på mange tiår. 40 000 soldatar, 130 fly, 60 fartøy og 30 nasjonar deltek i øvinga. Norge tilbød seg å vere vertsnasjon i 2014.
28.06.2018