Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Randaberg kommune har gjort eit grundig og godt arbeid med kommuneplanen for 2018-2030. Jordvern, nullvekst, folkehelse og gode prinsipp for utvikling i sentrum og tettstadene kjem tydeleg fram i planen.
13.12.2018
Lise Brunborg og Kolbjørn Anda er blant dei tre beste i landet i konkurransen om årets bedriftsutviklingspris i landbruket. Tidlegare i haust fekk dei Bygdeutviklingsprisen i Rogaland, og nå er vi spente på om dei vil vinne den nasjonale prisen på 250 000 kr.
Regjeringa har lagt til grunn at det framleis er behov for endring i kommunestrukturen, og Fylkesmannen skal også nå ha ei sentral rolle.
12.12.2018
Øya er i dag delt mellom Finnøy og Hjelmeland. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa skal justerast slik at heile øya Ombo skal tilhøyra Finnøy kommune.
10.12.2018
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom kommunane Forsand og Strand skal justerast slik at områda nord for Lysefjorden skal tilhøyra Strand kommune.
Fleire av Fylkesmannen sine motsegner frå høyringa tidlegare i haust er løyst om justeringane blir gjennomført som foreslått. Ein del arealforslag er framleis i konflikt med nasjonale føringar knytt til samordna areal- og transportplanlegging, strandsone og jordvern.
03.12.2018
Miljødirektoratet har nettopp produsert ein miljørettleiar for pukkverk. Rettleiaren er retta mot produsentar, konsulentar og styresmakter.
28.11.2018
Den raudlista elvemuslingen finst framleis i Sokna. Kalkinga av vassdraget og at laksen no er tilbake, har redda elvemuslingen frå å døy ut.
23.11.2018
Noreg vekker internasjonal interesse for sitt arbeid med produsere dyrefór basert på norske skogressursar. 48 grisar på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet NMBU har vokse opp på pellets frå norsk grantømmer. Professor Margareth Øverland frå Vindafjord er sentral i arbeidet med å utvikle den nye dyrematen.
08.11.2018