Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Dei som tener pengar på storfeproduksjon i Rogaland er dei som er dyktige, har faglege ambisjonar og jobbar smart, sa Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag til over 40 bønder på Ryfylkegarden Holta onsdag kveld.
21.11.2013
Eit samla Jæren går inn for at ”Olav og Olaf” skal halde fram arbeidet med frivillige jordbrukstiltak for å betre vasskvaliteten. I eit av Noregs mest intensive jordbruksområde er næringsavrenning til vassdraga eit stort problem.
Frist for å søkje miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram i Rogaland er 1. oktober. Statens landbruksforvaltning tilbyr hjelp til innsending av elektronisk søknad måndag 30. september og tysdag 1. oktober
27.09.2013
Før det blir søkt om erstatning, må det gis melding om avlingssvikt til kommunen utan ugrunna opphald slik at kommunen kan kontrollera skadeårsaka. Det blir ikkje gitt erstatning til føretak som ikkje har meldt om avlingssvikt. Søknaden skal sendast til kommunen innan 31.oktober.
23.09.2013
I dette nummeret av Land og bruk er det oppdatert oversikt over kurs og møte for kommunane. Her finn du og mellom anna informasjon om Regionalt miljøprogram, ordninga med tilskot til drenering av jordbruksjord og oppfølging av foryngingsplikta etter hogst. Last ned Land og bruk nr. 4-2013.
19.09.2013
Det er gjort avtale med Christer Andersen om å vere prosjektleiar for prosjektet Bioenergi Rogaland. Hovudføremålet med prosjektet er å få aktørar innan landbruket, offentlege instansar og utbyggarar til å vurdere bioenergi som varmekjelde. Her er eit stort potensial i Rogaland.
17.09.2013
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) har nyleg godkjend eit nytt fagskoletilbod innan bioenergi i Rogaland. Dette er starten på ein prosess der målet er å forme og bygge eit nasjonalt kompetansesenter for bioenergi ved Strand videregående skole.
14.09.2013
Frå 1. september er vakttelefonen «Til for bonden» på plass.
13.09.2013
Storfesatsinga i Rogaland inviterer til grillkveld hos Karl Tunheim på Undheim, torsdag 19. september kl. 19.00.
12.09.2013
14 lokale produsentar, foredlarar, restaurantar og butikker stiller med eit stort utval av varer på Markens Grøde.
Vi oppmodar alle som skal søkje tilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP om å levere søknaden elektronisk.
11.09.2013
Kom og bli ein del av mangfaldet Jæren og bruk dagen midt i matfatet. Matfatet Jæren og Fylkesmannen i Rogaland inviterar til inspirerande matkonferanse på Bryne torsdag 19. september.
05.09.2013