Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I ei ny tolkingsuttaling frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), datert 03.01.2019, avklarar Bufdir at staten v/ Bufetat har eit økonomisk ansvar både for tiltak for ungdom over 18 år som held fram, og for nye tiltak som startar etter fylte 18 år.
21.01.2019
Bruk av politi er eit svært alvorleg inngrep og kan berre nyttast av ein barnevernteneste etter strenge vilkår. I ein tilsynssak mot ein barnevernteneste i Rogaland har Fylkesmannen i Rogaland sagt ein del om kva slags skriftlege rutinar ein kommune som eit minstekrav må ha for at dette skal kunne vere forsvarleg.
18.12.2018
Tenestestøtteprogrammet er eit samlingsbasert tenesteutviklingsprogram for kommunal barnevernsteneste.
10.12.2018
Regjeringa har dei siste åra gitt nær ein milliard kroner i frie inntekter og tilskot årleg for å styrkje og utvikle helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert helsestasjon for ungdom (HFU), seier Ellen Margrete Carlsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet. Det fortel noko om både vilje til satsing og om behov for tenestene der ute.
14.11.2018
Barnevernlova er endra for å betre rettstryggleiken til barn og foreldre. Lova gir barn rett på tenester, styrka medverknad og kjærleik kjem inn i lovteksten.
11.09.2018
Når kommunen ber Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) om hjelp til å finne fosterheim eller institusjon til barn som skal flytte, har Bufetat plikt til å finne eit forsvarleg tiltak. Tolkingsuttale frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gir ei avklaring på kva som er innhaldet i bistandsplikten. Bufetat skal alltid gjere ei sjølvstendig vurdering av om tiltaket dei tilbyr kan gje barnet den omsorga og hjelpa det treng.
20.08.2018
For å få fleire til å melde til barnevernet når barn og unge kan vere utsett for alvorleg omsorgssvikt har plikta til å melde til barnevernet blitt klargjort i ei rekke lover.
27.07.2018
Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar.
18.07.2018
I perioden 2017–2024 gjennomfører Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet eit kvalitets- og kompetanseløft i dei kommunale barneverntenestene. Tiltaka skal syta for at barn, unge og familiar møter tilsette med høg fagleg kompetanse og tenester av god kvalitet, uavhengig av kva kommune dei bur i.
31.05.2018
Tilsynet er eit kontrolltiltak som kan føra til at foreldre og barn blir nekta kontakt. Dette er svært inngripande, og tilsynet vil difor innebera offentleg myndigheitsutøving. Barnevernstenesta kan ikkje overlata til private å utøva offentleg myndigheit etter barnevernslova.
Eitt av regjeringa sine satsningsområde er digitalisering. Det betyr at Fylkesmannen i Rogaland nå sender mest mogleg av utgåande post digitalt. Dette gjeld både privatpersonar og verksemder.
30.05.2018
Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å starta arbeidet med å få til løysingar som sikrar forsvarleg akuttberedskap.
16.02.2018