Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I juni starta biologar frå Miljøfaglig Utredning AS og Ecofact Sørvest å kartleggja naturtypar i Rogaland. Miljøfagleg Utredning vil kartlegge landskapsvernområda Synesvarden og Jærstrendene, medan Ecofact vil kartlegge naturtypar i utvalde område i fylket.
04.07.2018
Fylkesmannen i Rogaland fekk i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til eit innbyggarinitiativ om endring av grensa mellom Forsand og Strand kommune, slik at ein del av Forsand kommune på nordsida av Lysefjorden blir overført til Strand kommune.
29.06.2018
Øvinga Trident Juncture 2018 blir den største øvinga i Norge på mange tiår. 40 000 soldatar, 130 fly, 60 fartøy og 30 nasjonar deltek i øvinga. Norge tilbød seg å vere vertsnasjon i 2014.
28.06.2018
Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Hesten naturreservat i kommunane Forsand og Strand. Foreslått verneareal er ei utviding av Gitlandsåsen naturreservat, med endring av namn til Hesten naturreservat for heile området.
21.06.2018
Magnhild Meltveit Kleppa sluttar som fylkesmann i november i år, etter fem år i embetet.
18.06.2018
Fylkesmannen i Rogaland har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til om heile øya Ombo i framtida skal tilhøyre Finnøy kommune («Nye Stavanger») eller om øya skal vere delt mellom Finnøy og Hjelmeland som i dag. Departementet skal gjere endeleg vedtak i saka.
11.06.2018
PRESSEINFO: Hennar Majestet Dronninga kjem til Karmøy sjøvegen med KS Norge. Etter landgangen skal Dronninga få oppleva både historiske Skudeneshavn, Nordvegen Historiesenter, kongsgardruinen og Vikinggarden.
10.06.2018
348 nye statsborgarar i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 16. juni. Den høgtidelege statsborgarseremonien har aldri vore større.
09.06.2018
I perioden 2017–2024 gjennomfører Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet eit kvalitets- og kompetanseløft i dei kommunale barneverntenestene. Tiltaka skal syta for at barn, unge og familiar møter tilsette med høg fagleg kompetanse og tenester av god kvalitet, uavhengig av kva kommune dei bur i.
31.05.2018
Eitt av regjeringa sine satsningsområde er digitalisering. Det betyr at Fylkesmannen i Rogaland nå sender mest mogleg av utgåande post digitalt. Dette gjeld både privatpersonar og verksemder.
30.05.2018