Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
At landbruket i Rogaland er ei av dei viktigaste næringane i fylket blir stadfesta i ny rapport, og held posisjonen sett i høve til andre næringar. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 6,3 milliardar kr i 2017.
18.03.2019
Landbruks- og matdepartementet har på høyring «forslag til endringer i forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen». Den vanskelege marknadssituasjonen på svin førte til at avtalepartane ved jordbruksoppgjeret i 2018 bad om å få eit forslag til endring av husdyrkonsesjonsregelverket for å stanse vidare utvikling i bruken av eingongspurker.
15.03.2019
Frå og med 2019 kan bønder som legg til rette for pollinerande insekt få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte areal som har ei blanding av plantar som gir næring for pollinatorane gjennom vekstsesongen.
12.03.2019
Fylkesmannen ber Samferdselsdepartementet etablera streknings-automatisk trafikkontroll (ATK) i Ryfylketunnelen og framtidige undersjøiske tunnelar i Rogaland.
08.03.2019
Fylkesmannen i Rogaland og forskingsinstituttet NORCE har skrive under ein samarbeidsavtale om arbeid med kommunestrukturspørsmål. Første del av prosjektet er å gjennomføra ei brei undersøking i kommunane.
04.03.2019
Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om at det ikkje blir vedtatt nye grensejusteringar i norske kommunar nå. Årsaka er at dei alt vedtatte justeringane frå 1. januar 2020 er arbeidskrevande å få på plass.
27.02.2019
Ved årsskiftet var me 475 654 innbyggarar i Rogaland. Det er om lag 2 000 fleire enn året før, men 14 kommunar hadde nedgang i folketalet i 2018, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
22.02.2019
Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Nordåker i Tysvær kommune.
20.02.2019
I dag er det sendt felles brev til Landbruks- og matdepartementet frå Rogaland fylkeskommune, NHO Rogaland, LO Rogaland og Fylkesmannen om å ikkje svekke kompetansemiljøet ved Veterinærinstituttet i Sandnes
19.02.2019
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har nå oppdatert rettleiingsmateriellet knytt til vurdering av kommunestruktur. Dette er meint som ein kunnskapsbase for lokale diskusjonar.
15.02.2019