Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Løyve til Velde Produksjon AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Velde Produksjon AS nytt løyve etter forureiningslova til drift av asfaltverk på Kylles i Sandnes kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2017

Verksemda har tidlegare hatt eit tidsavgrensa løyve gjeldande i 10 år.

Løyvet har ei årleg produksjonsramme på 400 000 tonn asfalt.

Vilkår er så langt mogleg i samsvar med sjølvberande vilkår sett i forureiningsforskrifta kapittel 24, Forurensning fra asfaltverk.

Løyvet samt vedtaket med saksutgreiing er utlagt i høyremargen.

Vedtaket om løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, [email protected].

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.