Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Endra løyve til Stavanger Byggdrift KF

Fylkesmannen har etter søknad frå Stavanger Byggdrift KF endra løyvet av 04.03.2015 til sanering av kaianlegg/fylling i sjø på eigedomen gnr. 41 bnr. 70 Hafrsfjord, Stavanger kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.05.2015

Med heimel i forurensningsloven § 18 endra Fylkesmannen løyvet til sanering av kaianlegg i sjø ved Kvernevik i Hafrsfjord, Stavanger kommune.

I staden for at tiltakshavar ferdigstilte arbeidet i løpet av mai 2015 blei det sett vilkår om at arbeidet skal vera ferdigstilt innan mai 2016. Det er fortsatt krav om at arbeid i sjø skal foregå utanom vekstsesong for ålegras.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.