Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Endring av løyve til Stena Recycling AS
Stena Recycling AS søkjer om endring av gjeldande løyve for returmetallanlegg i Mekjarvik, Randaberg kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.05.2015
Søknad om endring gjeld:
- auke mengd mellomlagra returmetall frå 8 000 til 10 000 tonn
- auke årleg mottak av marine konstruksjonar frå 4 000 til 15 000 tonn
- auke mengd mellomlagra marine konstruksjonar frå 1 000 til 15 000 tonn
- mellomlagring av inntil 100 tonn farleg avfall frå eiga verksemd
- løyve til mottak og mellomlagring av marine konstruksjonar på del av eigedomen gnr. 51, bnr. 52, Mekjarvik
- drift på laurdagar i tidsrommet kl. 07.00 – 18.00
Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i Randaberg kommune, Servicetorget og i høgremargen på denne sida.
Moglege merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller [email protected] innan fire veker frå kunngjeringsdato.