Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Velkomen til studietur om grøn omsorg og Inn på tunet

Inn på tunet Rogaland, i samarbeid med Fylkesmannen, arrangerer studietur mandag 18. november. Turen går til Tryggvi Islandshestegård og Røyrvik Aktivitetsgard på Ganddal/ Kverneland i Sandnes kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2019

Det blir fokus på tilbod til brukarar innan arbeidstrening/psykiatri, barnevern/fosterheim, fritidstilbod til flyktningar samt bruk av garden i høve til barnehage og skule.

Målgruppa for studieturen er både tilbydarar og kjøparar av Inn på tunet tenester, aktuelle brukarorganisasjonar eller andre interesserte.  

Formålet med studieturen er å vise korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper.

Påmelding til Edvard Kolnes, [email protected], mobilnr.  909 45 254.

For meir informasjon sjå vedlagt program. Du kan og finna meir informasjon om gardane på deira heimeside som du finn ved å følgje dei ulike lenkjene;  Tryggvi Islandshestgård og Røyrvik Aktivitetsgard.

 

Kva er Inn på tunet?

Den offisielle definisjonen er: «Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel.»

Inn på tunet retter seg mot oppvekst/skule- samt helse/omsorg/sosial- og arbeidssektor.