Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Rune Lian og Ine Woldstad er fast tilsett ved landbruksavdelinga
Rune og Ine har etter åtte månader vikariat no tiltredd i fast stilling som rådgjevar på avdelinga. Begge skal jobbe med arealforvaltning, i hovudsak innan landbruk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rune skal jobbe med dispensasjonar frå plan- og bygningslova, regional og kommunal planlegging og saker etter jord- og konsesjonslova. Han har tidlegare jobba fem år som seksjonsleiar landbruk og miljø i Sola kommune. Han er utdanna innan miljø- og naturressursar ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås.
Ine skal jobbe med det same som Rune. Ho har tidlegare jobba to år som arealplanleggjar i Hå kommune og fem år som avdelingsleiar for planavdelinga i same kommune. Ine er utdanna landskapsarkitekt frå NMBU, og har vidareutdanning innan samfunnsplanlegging. No tar ho årsstudium økologisk landbruk ved Høgskulen i Innlandet.
Vi har ei intern ordning der Rune og Ine har sine tildelte primærkommunar.
Kontaktpersonar
-
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54