Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Hugs teljedato og søknadsfrist for produksjonstilskot i oktober

Mjølkekyr på beite. Foto: Eli Munkeby Serigstad

1. oktober er teljedato for dyr som skal registrerast i søknad om produksjons- og avløysartilskot. Same dag opnar søknadssystemet, med frist for å søkja 15. oktober. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2024

Frå 1. oktober kan du òg gå inn i søknadssystemet og leggja inn dyretal, areal og anna som skal registrerast i søknaden no i oktober. Fristen for å søkja er 15. oktober. Har du søkt innan fristen, kan du gå inn og endra opplysningar eller leggja inn nye opplysningar innan 29. oktober. 

Hugs å sjå gjennom kvitteringa du får når søknaden er levert. Då kan du sjå om det er noko du har gløymt å føre opp eller noko som er registrert feil i søknaden! 

Sjå meir informasjon og rettleiing på Landbruksdirektoratet sine nettsider.