Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Gardsbruk med store avlingstap grunna klima kan søkje om tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg. Vi tilrår å søkje elektronisk.
17.10.2019, Endra 27.06.2025
BEIT-konferansen samlar nokre av dei klokaste og mest innovative folka innan utvikling av «klimasmarte gardar» til ein konferanse på Myrkdalen hotell på Voss. Fjøsbygg i tre og smarte løysingar i drifta frå inn- og utland vert presentert og diskutert. Vi treng eit taktskifte og eit felles løft i klimaarbeidet.
11.10.2019
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar 2020.
10.10.2019
Straumsnes Mjølk og Kjøt DA og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane v/ Jo-Helge Sunde vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2019 i Sogn og Fjordane.
08.10.2019
Fylkesmannen i Vestland lyser ut midlar til tiltak i verdsarvområdet med søknadsfrist 15. oktober 2019.
25.09.2019
Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide med nokon som vil starte ysteri. Er du kokk, formidlar, bloggar om ost eller på andre måtar interesserer deg for å foredle eller formidle norsk ost og råvarer frå norsk mjølk - velkommen!
16.09.2019
Ho er 33 år og økologisk bonde i Vik i Sogn. Han er snart 80 og har forska på landbruket i ein mannsalder. Begge deltok dei på landbrukskonferansen Klimaklokt vestlandslandbruk i Sogndal 3. og 4. september.
11.09.2019
Nesten alle kommunane i den nye regionen Vestland er representerte når landbrukskonferansen Klimaklokt vestlandslandbruk vert arrangert i Sogndal 3. og 4. september.
29.08.2019
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar, som gardsmat, reiseliv og Inn på Tunet (IPT).
27.08.2019
Eit signaturmerke for lokalmat, Nordfjord Smak, er etablert. Det har vorte skapt ein arena for 23 einskildaktørar som no ser kva potensiale og moglegheiter det ligg i eit tett samarbeid for å sikre vidare utvikling i regionen.
21.08.2019