Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Pascale Baudonnel fekk tildelt den franske ordnen "Ordre du Mérite agricole" under ei tilstelling i den franske ambassaden i Oslo.
25.09.2023
For femte år på rad vert det arrangert oppstartskurs for markedshagedrift i Vestland, med søknadsfrist 22. september. Som deltakar vil du få med deg kunnskap om både salg av lokalmat og god agronomi for kommersiell småskala grønnsaksproduksjon.
Parsellhagedrift kan vere ei tilleggsnæring på garden. Det har Solveig Lilletvedt på Kalandseidet i Bergen fått god erfaring med dei siste åra. Ho trivst godt med fleire folk og mange små beredskapshagar nært tunet.
21.09.2023
Årets storsamling for landbrukskontora hadde tema Berekraft i praksis. 120 personar deltok på samlinga der tema vart belyst frå den praktiske bonden som skal drive næring, rådgjevaren, som er opptatt av helse og sikkerheit og den offentlege forvaltninga, som både mobiliserer og betalar ut tilskot.
20.09.2023
Ut ifrå tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag og innkomne innspel under høyringa av forskriftsendring for Hattebergsdalen landskapsvernområde har vi vurdert konsekvensane av å opne for nydyrking. Les heile vurderinga her.
18.09.2023
Frå 7. juli 2023 har statsforvaltaren fått mynde til å avgjere saker om konsesjon til aksjeselskap etter konsesjonslova. Kommunane skal utgreie saka før ho vert sendt vidare til statsforvaltaren.
18.09.2023, Endra 14.06.2024
Medarbeidarar frå landbruksavdelinga hos SFVL var i juni på synfaring til tre kommunar i sør. Bakgrunnen var å bli betre kjende med tilsette i kommunane, og å møte aktive bønder.
13.09.2023
For årets beitesesong er det laga eit eige søknadsskjema i Altinn for å søkje tilskot til å dekkje ekstraordinære kostnader knytt til CWD-tiltak i Nordfjella-sona og Hardangevidda-sona.
Fleire kommunar i Vestland har kvikkleire i dyrka mark, noko ein må ta omsyn til ved løyving av midlar til drenering. Vi går inn på kva omsyn som må takast, og kor kommunane kan finne meir informasjon. Dette er òg relevant ved nydyrking og planering.
11.09.2023
Khaled Alobeid har fått språk- og arbeidstrening på Gullvegen Inn på tunet-gard på Bømlo. Her har han fått bruka kompetansen sin og fått nyttig kunnskap om HMS og norsk arbeidsliv. I denne filmen får du høyra kva nytteverdi Inn på tunet kan gje for innvandrarar med fluktbakgrunn.
07.09.2023, Endra 21.09.2023