Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I haust startar den nye landsdekkande fagskuleutdanninga innan frukt og bær. Utdanninga inneheld tema frå heile verdikjeda – frå produsent til salsledd.
26.06.2024
Regjeringa verna i dag 27 nye skogområde i åtte fylke. Områda er viktige levestader for mange trua artar. Vernet er viktig for å ivareta desse artane i framtida. To av disse ligg i kommunane Sogndal og Kinn i Vestland.
21.06.2024
Forslag til ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel har vore på høyring. Statsforvaltaren i Vestland meiner at forslaget er fagleg godt, men at det vil vere krevjande å gjennomføre for landbruket i Vestland.
Det vert krevd at ein offentleg etat har kontroll på regelverk, og at midlar vert betalt ut til dei som har rett på det. Korleis har vi kontroll med det? Og korleis viser vi det? Dette er tema for Dialog Skog nr.3/24.
Den kommunale kvardagen, med dei daglege utfordringane mellom lover, forskrifter og politikk, står på dagsorden.
17.06.2024
Vi tilrår etablering av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Området er 17 238 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar svært gamal skog over eit stort areal og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar.
14.06.2024
Korleis bør kommunen følgje opp ulovlege landbruksvegar og når er det krav til reguleringsplan?
24.05.2024
Skogen sine kvinner og menn frå kommunar, nærings- og naturvernorganisasjonar, forsking og statleg forvaltning samla seg til fagleg oppdatering og utveksling. Når sola skin og fruktblomstringa set ramma, blir diskusjonane gode og fruktbare.
22.05.2024
No kan kommunane søkje Landbruksdirektoratet om tilskot til å lage jordvernstrategi. Søknadsfristen er 20. august.
10.05.2024
Å sørge for at jordbruksareala våre vert drivne er eit viktig jordverntiltak, skriv landbruks- og matministeren i eit brev til kommunane.
08.05.2024