Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Jobbar du med klagebehandling på skule- eller barnehagefeltet? Bli med på digital samling 17. september.
31.08.2020
Nasjonale prøver 2020 opnar for gjennomføring mandag 31. august til 25. september.
28.08.2020
Det skal rapporterast til Fylkesmannen om endringar i tiltaksnivå, og ved eventuelle stengingar av barnehagar og skular.
27.08.2020
Benjaminprisen blir kvart år det delt ut til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminerande haldningar og handlingar. Prisen vert delt ut av kunnskapsministeren i januar 2021 og omfattar eit diplom og ei pengegåve.
24.08.2020
Barnehagar skal følgje gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheiter avgjer at det skal være raudt tiltaksnivå.
Alle skular og barnehagar skal ved oppstart følgje gult nivå i trafikklysmodellen. Dette betyr at klasser og avdelingar kan samlast, og det skal vere fulltids ordinære barnehage- og skuledagar.
13.08.2020
Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i barnehagen skal bidra til at barn i heile landet får eit likare tilbod om mat og drikke, som kan bidra til utjamning av sosiale skilnader.
06.08.2020
Er du alvorleg bekymra for eit barn, så har du som offentleg tilsett plikt til å melde frå til barnevernet. Barn og vaksne kan også melde bekymring for eit barn. Det er barnevernstenesta sitt ansvar å finne ut om barnet eller familien treng hjelp.
17.07.2020, Endra 20.09.2024
Vi har gitt høyringsfråsegn til framlegget til ny opplæringslov.
30.06.2020
Frå 1. januar 2020 må lærarar, styrarar og pedagogiske leiarar i barnehage med yrkeskvalifikasjonar frå utlandet søkje NOKUT om å få godkjent utanlandske kvalifikasjonar. Godkjenninga er obligatorisk for alle som skal tilsettast i desse yrka.
25.06.2020