Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det er lagt til rette for ei meir fleksibel gjennomføring. Gjennomføringsperioden er utvida og delt i to.
10.02.2026
På møtet vil du få overordna og sentral informasjon om endringar i ordningane for vidareutdanning og kompetanseutvikling.
02.02.2026
For å kunne ta imot tilskot til vidareutdanning må kommunar og private skuleeigarar etablere lokale prosedyrar.
Frå 1. januar 2026 gjeld ei ny statleg tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole. Ordninga gir kommunar og private barnehage- og skuleeigarar høve til å søkje om midlar til kompetanseutvikling som er forankra i lokale behov.
27.01.2026
Kommunar, som oppfyller kriterium for ordninga, får tilskot for å styrke språkutviklinga til minoritetsspråklege barn i barnehagane. Målet med ordninga er å støtte barna i å bruke morsmålet sitt og samtidig utvikle norsk språkkompetanse – som er ein nøkkel for meistring og inkludering i kvardagen.
19.12.2025
Samiske barn har rett til å utvikle språket sitt og møte innhald som tek vare på samisk kultur. Alle barnehagar – uavhengig av om dei har samiske barn eller ikkje – skal synleggjere samisk kultur i kvardagen.
18.12.2025
Samiske elevar har rett til opplæring i samisk språk uavhengig av bustadkommune. Andre elevar har rett til opplæring i og på samisk dersom minst ti elevar i kommunen ber om det. Statsforvaltaren skal bidra til at opplæringa skjer i tråd med gjeldande lover og forskrifter.
Vi inviterer til regelverkssamling torsdag 8. januar 2026. På samlinga går vi gjennom dei lovkrava vi på barnehageområdet skal føre tilsyn med i 2026, og klargjer kva som blir viktig å vere merksam på.
01.12.2025
Elevane har rett på opplæring i samsvar med læreplanen i fag. I tilsynet fann vi at grensegangen mellom faget utdanningsval og utdanning- og yrkesrettleiing i praksis er flytande. Elevane fekk heller ikkje vurdering av kompetansen sin i faget i samsvar med regelverket.
18.11.2025
Tal henta frå inntakssystemet VIGO viser at talet på fråværet for elevar på 10. trinn i Vestland ligg på median 9 for dagsfråværet og median 7 for tal timefråvær. Det er eit auke med ein heil dag og ein heil time samanlikna med skuleåret 2022-23.
15.10.2025