Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Forskrifta har som mål å bidra til at miljøet i barnehagar, skular, skulefritidsordningar og ordningar for leksehjelp fremmer barn og elevar si helse, trivsel, leik og læring. Den skal i tillegg førebyggje sjukdom, skade og alvorlege hendingar.
15.11.2023
Rettleiaren skal gi anbefalingar om korleis oppnå eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling.
10.11.2023
Folkehelsemeldinga, Opptrappingsplanen for psykisk helse og Fellesskap og meistring – bu trygt heime blir tema på ein felles oppstartskonferanse 30. november. Du kan følgje konferansen digitalt.
31.10.2023
RVTS, Statsforvaltaren, KORUS og RKBU inviterer alle kommunane i Vestland til å delta i eit nettverk for å styrke arbeidet med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep.
27.09.2023
I vår har 39 av 43 kommunar delteke i ein planprosess for førebyggande planar. Målet har vore å sjå heilskapleg på korleis kommunane kan arbeide langsiktig for å bygge eit teneste- og tiltaksapparat som møter dei behova barn, unge og foreldre har no, og i framtida.
22.06.2023, Endra 01.08.2023
Målet med opptrappingsplanen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og god hjelp skal vere lett tilgjengeleg der det trengst.
15.06.2023
I mai startar folkeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv» i Vestland og Rogaland. Målet med kampanjen er å seinke terskelen for å søke hjelp, og bidra til å auke kunnskapen om sjølvmord i befolkninga.
25.04.2023, Endra 25.04.2023
Rundskrivet gjev ei samla oversikt over reglane som gjeld for saksbehandlinga i barnevernstenesta, etter at ny barnevernslov tredde i kraft 1. januar 2023.
13.04.2023
I den nye folkehelsemeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga.
31.03.2023
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) inviterer til nasjonal konferanse om bekymringsfull og skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge.