Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Målgruppa for dette kurset er alle grupper helsepersonell som skal ta prøver ved covid‐19, unntatt legar.
02.10.2020
Dei siste vekene har fylket fått markant meir smitte. Folkehelseinstituttet har berekna risikoen for at fylket når raudt nivå til 74 % i løpet av nokre veker.
01.10.2020
Folkehelseinstituttet og Smittevernforum inviterer til webinar 12. – 14. oktober 2020.
30.09.2020
Fylket vårt har ikkje vore av dei mest ramma når det kjem til smitte og sjukdom av koronaviruspandemien. Vi veit ikkje sikkert om det er fordi vi har vore flinke eller fordi vi har vore heldige, og vi veit heller ikkje korleis det kjem til å gå. Det skriv fylkesmann Per Arne Olsen og assisterande fylkeslege Mats Foshaug i ein kronikk.
Helsedirektoratet har sett av 58 millionar kroner i tilskot til rettleiing i spesialiteten allmennmedisin og 32 millionar kroner til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar. Det er korte søknadsfristar for begge tilskot.
29.09.2020
Vaksinasjonsdekninga for helsepersonell i heile Noreg var i 2019 berre 34 %, så det er behov for ei betydeleg betring av vaksinasjonsdekninga blant helsepersonellet. Dette gjeld særleg i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
24.09.2020
Eit nytt e-læringskurs skal gi helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester kompetanse i palliativ omsorg, pleie og behandling av eldre og alvorleg sjuke personar med covid-19.
16.09.2020
Kommunelegen har svært omfattande ansvar og oppgåver innan smittevern. Det er ikkje nødvendig at han utfører alle oppgåver personleg. Han må likevel sørga for at dei blir utførte forsvarleg.
Helsedirektoratet har publisert ei oppdatert versjon av førerkortrettleiaren på si heimeside. Sjå under Lenker på denne sida.
07.09.2020
Om du har moglegheit til å sykle eller å gå til jobb eller skule bidrar du til mindre trengsel på buss og tog. Dette kan redusere risikoen for at du eller andre blir smitta av koronaviruset.
24.08.2020