Statsforvaltaren foreslår vern av skog ved Øvre Tysdalsvatnet i Hjelmeland

Skog lengst aust på Øvre Tysdalsvatnet, Foto: Solbjørg Torvik Engen

Statsforvaltaren har starta arbeidet med å vurdere vern av eit skogområde på nordsida av Øvre Tysdalsvatnet i Hjelmeland. No inviterer vi grunneigarar, organisasjonar og andre interesserte til å komme med innspel til verneplanane innan 9. september 2026.

Publisert 17.08.2026

Området er meldt inn til vern gjennom ordninga frivillig vern av skog, der skogeigarane sjølve har tilbydd arealet for vern. Den aktuelle verneforma er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37.

Kart som viser det førebelse området som blir vurdert for vern, kan lastast ned frå høgre marg. Kartet er også tilgjengeleg i Naturbase og Temakart Rogaland.

Det er viktig å merke seg at dette ikkje er endelege vernegrenser. Avgrensinga som no blir presentert, er grunnlaget for vidare utgreiing, og grensene kan bli justerte i løpet av verneprosessen.

Kvifor blir området vurdert for vern?

Målet med skogvern er å ta vare på naturmangfaldet og sikre viktige leveområde for artar og naturtypar for framtida.

Mange av dei trua artane i Noreg er knytte til skog. Særleg viktig er gammal naturskog med gamle tre, død ved og eit rikt artsmangfald. Om lag 60 prosent av dei trua artane i Noreg lever heilt eller delvis i skog.

– Når skog blir verna, får han utvikle seg naturleg utan hogst og andre større inngrep. Det gir viktige leveområde for sjeldne og trua artar, og skogvern er derfor eitt av dei viktigaste verkemidla vi har for å ta vare på naturmangfaldet. Vi er glade for at grunneigarane har valt å tilby området for vern gjennom ordninga med frivillig vern av skog, seier Solbjørg Engen Torvik, seniorrådgivar for natur hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Det naturfaglege grunnlaget for verneforslaget er basert på kartleggingar som blei gjennomførte i 2025. Rapporten kan lastast ned frå høgre marg. Informasjon frå nasjonale databasar som naturbase og Artskart er også brukt i vurderingane.

Kva vil eit vern innebere?

Dersom området blir verna som naturreservat, vil tiltak som kan skade eller redusere naturverdiane, som hovudregel ikkje vere tillatne.

Dette inneber mellom anna forbod mot:

  • hogst
  • fysiske inngrep i naturen
  • motorferdsel

Samtidig vil fleire tradisjonelle aktivitetar framleis kunne halde fram, mellom anna:

  • vanleg friluftsliv
  • bær- og sopplukking
  • jakt og fiske
  • beite

Dei endelege reglane blir fastsette i ei verneforskrift dersom området blir verna.

No kan du gi innspel

Dette er første steg i den formelle verneprosessen. Før det blir utarbeidd eit endeleg verneforslag, ønskjer vi innspel om naturverdiar, bruk av området og andre forhold som bør takast omsyn til.

Vi ønskjer særleg innspel om:

  • naturverdiar i området
  • eksisterande bruk og brukarinteresser
  • forslag til namn på verneområdet
  • forhold som kan bidra til gode løysingar for både vern og bruk

Etter at innspela er vurderte, vil Statsforvaltaren utarbeide eit meir detaljert verneforslag med forslag til vernegrenser og verneforskrift. Dette forslaget blir deretter sendt på offentleg høyring.

Slik sender du innspel

Innspel kan sendast på e-post eller brev til Statsforvaltaren i Rogaland.

E-post: [email protected]

Postadresse:
Statsforvaltaren i Rogaland
Miljøvernavdelinga
Postboks 59
4001 Stavanger

Innspel må merkast med referanse 2024/16081 og namnet på verneforslaget.

Frist for å sende innspel er 9. september 2026.

Dødved i skogen, Foto: Solbjørg Torvik Engen, Statsforvaltaren

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.