Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nye og betre naturtypedata
Datasettet "Prioriterte naturtypar" er ofte det viktigaste for vurdering av arealsaker etter Naturmangfaldlova. For fleire skjøtselsavhengige naturtypar finst det og tilskotsordningar både i landbruket og frå Miljødirektoratet for den som gjer ein aktiv innsats for å ta vare på dei. Kvaliteten på dette datasettet er nå heva gjennom nye kartleggingar, særleg i kommunane Sandnes, Randaberg, Hjelmeland, Forsand og Lund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi i veit ikkje kor store dei statlege tilskotsmidlane blir i 2014, men planlegg ut frå eit liknande nivå som i 2013. Det vil då vera viktig med kommunal delfinansiering, særleg frå kommunar med mange område kartlagt før 2006. Dette gjeld ein del på Haugalandet, særleg i Haugesund, i sørfylket m.a. Klepp. Det er og ein del spørsmål frå landbrukskontor og brukarar om område kvalifiserer for tilskot i Regionalt miljøprogram, dette er sjansen til å få vurdert slike areal. Meld inn område som treng kartlegging.