Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Fruktdyrkarar møttest i Ryfylke

Tenk at ein gjeng med fruktdyrkarar kom til Ryfylke for å bli inspirert. For nokre år sidan var dette utenkjeleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.05.2017

9 fruktprodusentar frå Hardanger vitja i førre veke Ryfylke for å sjå nysatsinga innan frukt. Dei besøkte Elisabeth Grønvik, Kristen Helgøy, Geirmund Helgøy og Andreas Kvame som alle har planta etter den nye tett-plantingsmetoden med automatisk gjødsling og vatning.

I motsetnad til Hardanger er det i Rogaland, og kanskje spesielt i Ryfylke, kome mange nye som satsar på frukt på heilt nye areal der fruktdyrkarane bygg infrastruktur frå botn av. I Hardanger er det meste av arealet allereie tatt i bruk.

Hardingane plantar like tett som i Rogaland, men det er mange fleire fruktprodusentar i Rogaland som har automatisk vatning og gjødslingsanlegg. Ekspertar meiner at ein på denne måten kan oppnå nærare 6000 kilo frukt per dekar.

Kontakt Kari Sand

Kari Sand
[email protected]
Tlf: 950 31190