Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
No kan du søkje miljøtilskot elektronisk
Frå 1. august kan du levere søknad om regionalt miljøtilskot elektronisk. Det gjer du på Altinn. Søkte du i fjor vil du få spørsmål om å gjenbruke kartteikningane. I år blir det dermed enklare å søkje elektronisk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.08.2014
For å kunne søkje må du ha rett til produsjonstilskot i jordbruket. Kva det blir gitt tilskot til finn du i Regionalt miljøprogram for Rogaland, og omtale av tilskotsordningane finn du i rettleiingsmateriellet.
Merk at det i år ikkje blir sendt ut søknadmateriell på papir.