Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Høyring av lokal forskrift om avgrensing av spreieperioden for organisk gjødsel
Blir forslaget om lokal forskrift vedteke, må husdyrgjødsla på Jæren bli spreidd før 1. september. Åtgangen til å spreie husdyrgjødsel med nedmolding etter 1. september fram til 1. november blir fjerna. Det er utfordringane med vasskvaliteten i Jærvassdraga som er bakgrunnen for at kommunane på Jæren no føreslår innstrammingar i regelverket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunane kan i område med fare for alvorleg forureining forby bruk av organisk gjødsel etter 1. september.
Forslag frå Jæren vannområde
Jæren vannområde omfattar kommunane; Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Sandnes, Stavanger og Randaberg. Jæren vannområdeutval består av representantar frå fylke og kommunane, og skal sikre lokal forankring av arbeidet med vassforskrifta. Politikarane i Jæren vannområde vedtok 14. desember 2016 å oppmode kommunane i vannområdet om å stramme inn på spreievindauget for husdyrgjødsel.
Alle kommunane har no vedteke å sende forslaget ut på felles høyring. Høyringa blir administrert av Jæren vannområde. Eventuelle merknadar og kommentarar kan sendast til Jæren vannområde ved [email protected] eller til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe innan 08.09.2017.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66