Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Enklare reglar for danning av nye kommunar
Før helga la regjeringa fram forslaga til justeringar av både inndelings- og kommunelova. Hovudføremålet er å leggja til rette for gode prosessar ved danning nye kommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lovendringane skal gjera det enklare å skapa nye kommunar, men også å følgja opp spørsmål som har vore uavklarte. Forslaga var på høyring i 2015. I høgremargen finn du høyringsuttalen vår.
Grenseoppgang mellom deling og grensejustering
Det er forslag om lovendring som kan gi enklare prosessar knytt til det å dela opp kommunar i samband med danning av nye kommunar. Eit viktig spørsmål her er kva som er å rekna som ein «mindre del av innbyggarane» i kommunane.
Stortinget avgjer
Forslaga har fått brei støtte i høyringsrunden, derfor er det venta at Stortinget sluttar seg til framlegga når dei nå skal til behandling der.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80