Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nye helsekrav til førarkort
Helsedirektoratet har varsla fylkesmennene om at nytt regelverk om helsekrav til førarkort trer i kraft frå 1. oktober 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland inviterer legane i fylket til kurs om dei nye helsekrava og om rolla til legen i førarkortsaker.
Ved endringa som tar til å gjelde 1. oktober vil legane få ei meir sentral rolle i førarkortsakene. Helsekrava vil bli meir i samsvar med dei grensene som fylkesmennene nå nyttar i dispensasjonssakene. Det inneber at regelverket for legane blir meir omfattande. Legane vil i større grad ta avgjerdene i desse sakene, og difor er det særs viktig at legane må forstå si rolle som sakkunnig.
Dei nye føresegnene stiller meir konkrete krav til fungerande helse for førarane og oppfølging i helsetenestene.