Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I løpet av 2024 er det gjennomført mobiliseringsmøter for alle som går med tankar om å utvikle eigne gårdsbruk. Lokale hoppid.no-kontor har stått som arrangør ilag med landbrukskontora og lokale krefter. Tiltaket kom i stand etter initiativ frå det regionale hoppid-samarbeidet mellom Fylkeskommunen, Statsforvalter og Innovasjon Norge.
17.06.2024
Dei fleste hundeeigarar er kjend med at det er nasjonal bandtvang frå 1. april til og med 20. august. Det mange ikkje er klar over, er at kommunen kan gi eigne føresegner om bandtvang. Hugs å sjekke kva som gjeld der du ferdast.
11.06.2024
Mattilsynet er uroa for spreiing av fugleinfluensa blant kolonihekkande sjøfugl også i år. Det er viktig å oppdage eit utbrot tidleg, for å avgrense omfanget og konsekvensane.
31.05.2024
Gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram blei stor granbarkbille først påvist i vårt fylke i fjor. Dette var i Surnadal. I år vil ein undersøkje om den finst i ein større del av Møre og Romsdal.
23.05.2024
Har du trua fugleartar hekkande i enga? Du kan gjere avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar. Du kan søke om tilskot til dette gjennom regionalt miljøprogram.
14.05.2024
Dette var bodskapen til stjernekokk Nils Flatmark under samlinga for lokalmataktørar ved Storfjord Hotell i Møre og Romsdal nyleg. «Uten produsentar, ingen råvarer. Ingen råvarer ingen kokker», uttala han.
29.04.2024
Skogskadar er eit stort fagområde som handlar om skadar forårsaka av insekt, sopp, dyr og klima. Offentlege skogbruksmyndigheiter har eit særleg ansvar for overvaking av skogskadar.
26.04.2024
Gjennom tusenvis av år har vi menneske, i lag med beitedyr, forma kulturlandskapet; slåttenger, beitemarker, lyngheier og lauvingslier. Vi har laga eit panorama for insekt og planter av ulik art – eit mangfald som gir liv.
24.04.2024
Gransnutebilla fører til at mange små granplanter døyr i fylket vårt. I år vil Allskog prøve om middelet woodcoat kan hindre billa å gjere skade.