Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Statsforvaltaren har fordelt 7,2 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar.
17.10.2025
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt 11,7 millionar kroner i prosjektskjønnsmidlar til kommunane for 2026. Alle kommunane i Møre og Romsdal er med i minst eitt prosjekt.
16.10.2025
Statsforvaltaren har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane fordelt 31 550 000 kroner til statsbudsjettet for 2026.
15.10.2025
Statsforvaltaren har i dag gitt beskjed til Kommunal- og distriktsdepartementet om at Herøy kommune oppfyller vilkåra for registrering i ROBEK.
25.09.2025
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gir kvart år ut rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien som viser hovudtrekk i kommuneøkonomien i fylket. Rapporten beskriv nokon av utfordringane som kommunane står i, orienterer om sentrale reglar, minner om viktige oppgåver og viser sentrale økonomiske tal i utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.
03.07.2025
Statsforvaltaren har konkludert med at Hustadvika kommune sitt vedtak om å slå saman og samlokalisere skolar er lovleg.
20.06.2025
Statsforvaltaren har konkludert med at Molde kommune sitt vedtak om å flytte ungdomstrinnet ved Sekken oppvekstsenter til Bekkevoll ungdomsskole frå 1. august 2025 er lovleg.
28.05.2025
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Sande kommune inn i ROBEK.
27.05.2025
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å søke på prosjektskjønnmidlar for 2026. Midlane skal gå til fornying og utvikling i kommunane. Dei siste åra har totalramma vore om lag 10 millionar kroner.
31.03.2025
I fjor hadde heile 19 av 27 kommunar i Møre og Romsdal eit negativt driftsresultat. Dei brukte meir enn dei fekk i inntekter. Åtte kommunar hadde meirforbruk, og har brukt opp sparepengane sine.
17.03.2025