Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
E-læring i barnehagefagleg grunnkompetanse er eit interaktivt tilbod til assistentar og andre tilsette i barnehagar. Tilbodet er gratis og lett tilgjengeleg frå både mobiltelefon og datamaskin.
06.09.2023
«Jeg vet» er ein kunnskapsbasert læringsressurs for alderstilpassa opplæring i barnehagar og skolar om mobbing, vald og overgrep.
30.08.2023
Tilskotet skal bidra til at nyutdanna lærarar i grunnskolen får god rettleiing og gjere at overgangen frå utdanninga til læraryrket blir enklare. Målet er at nyutdanna lærarar blir verande i skolen. Målgruppa er lærarar i sitt første år og andre år i skolen.
08.08.2023
Gratis SFO for 1. og 2. klassingar, gratis barnehage for barn nummer tre, e-læring for tilsette i barnehagar og opplæring og læremiddel på Ukrainsk er nokre av haustens nyheiter.
05.08.2023
Tilskotet skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skoler. Målet er at dei tilsette kan nytte sin kompetanse betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane.
14.06.2023
Alle barn og unge har rett til å bli beskytta mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Offentlege tenester og skoler har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Dei plikter å hjelpe barn og unge som er utsett.
13.06.2023
PPT skal tilrå timar med assistent i sakkunnig vurdering, når dei vurderer at eleven har behov det. Det slår Utdanningsdirektoratet fast.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søker kandidatar til Dronning Sonjas skolepris 2023. Tenk om prisen kunne gå til ein skole frå Møre og Romsdal i år! Skolane må sjølv lansere seg som kandidat til prisen innan 20. juni 2023 ved å fylle ut eit skjema.
02.05.2023
– Alle skal få rett til å få opplæring heilt til dei har fullført vidaregåande, fleire moglegheiter til å ombestemme seg, og dei skal bli enda tettare følgd opp undervegs, seier kunnskapsminister Tonje Brenna om regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.
24.03.2023