Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Helsedirektoratet og Nav samarbeider om eit nytt tilskot for rekruttering til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Søknadsfristen er 24. mars.
24.02.2026
Helsedirektoratet har oppdatert rettleiinga for rådgjevande eining for russaker.
19.02.2026
Statsforvaltaren har fordelt over 21 millionar kroner i kommunale rammer til tre sentrale landbruksordningar. No startar kommunane utlysinga av midlar til drenering, miljøtiltak og tilrettelegging for utmarksbeite i Møre og Romsdal.
18.02.2026
Frå 1. juli 2026 trer ei ny, nasjonal meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta i kraft.
Laksefisket i Møre og Romsdal i 2025 enda på 8,9 tonn laks fiska i elvane. For første gong var sjølaksefiske med kilenot stengt i heile fylket. Elvefangsten er 3 tonn betre enn i fjor, men likevel den nest lågaste som er registrert.
09.02.2026
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har behandla to klager om tvangsmulkt og pålegg om å rette tre ulovlege massedeponi i tidlegare Skodje kommune. Kommunen sine vedtak er stadfesta, og grunneigarane må føre områda tilbake til lovleg tilstand.
06.02.2026
Statsforvaltaren melder oppstart av plan for utvida vern av Todalsdalen. Grunneigarane har sjølve tilbydd områda gjennom ordninga for frivillig vern. Du kan kome med innspel til planen innan 6. mars 2026.
03.02.2026
Målet med tilskotet er å styrke kommunane til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet og utvikle berekraftige og gode omsorgstenester. Endeleg målgruppe er brukarane av kommunale omsorgstenester og deira pårørande.
Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar.
30.01.2026
Meklinga mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Hustadvika kommune gav einigheit på fleire punkt, men Statsforvaltaren står fast ved tre av ni motsegner.
20.01.2026