Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Ønsker din kommune å bruke meir tre i byggeprosjekt? Kanskje de også har ambisjonar om sirkulære løysingar? Då kan de søke om støtte og få inntil 40 000 kroner som de kan nytte til utgreiing, forprosjekt eller studieturar.
06.10.2022
Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2023 skal 51,6 millionar fordelast.
Etter fleire år med avlyst eksamen, og samstundes innføring av LK20 og nye eksamenar, ønskjer Utdanningsdirektoratet skoleåret 2022-23 å sikre ei felles forståing av endringane i sentralt gitt eksamen.
23.09.2022
Verdsarven feirar 50 år i desse dagar, og Møre og Romsdal er med. Vi kan pryde oss med ein av dei åtte verdsarvstadene i Norge.
21.09.2022
- Landbruksavdelinga lanserer informasjonsbrev!- Dreneringskurs hausten 2022 - Klimasnuprisen 2022 - Ny utgåve av Gårdskart aktuelt - Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-9- Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar 19. oktober i Molde
Vi må forstå at vi må snakke om sjølvmord og sjølvmordstankar. Det kan redde liv. Kor mange må vi miste før vi innser dette? Å gå nær og å våge å bry seg kan bety forskjellen på liv og død. Våger du?
10.09.2022
– Vi har eit godt regionalt næringsliv innan tre. Det merkelege er at trea vi foredlar som regel ikkje kjem frå vestlandsk skog. Ofte ikkje eingong frå norsk skog. Vi må sjå høve til å foredle tømmeret vi produserer her i fylket. Ein slik bruk av råstoff er klimavenleg, kortreist og gir moglegheit for ombruk og lokal verdiskaping, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.
08.09.2022
– Det betyr utruleg mykje for oss å få denne prisen, seier Gudmund Kårvatn. Saman med kona Cathrine fekk han Kulturlandskapsprisen i dag.
06.09.2022
Gudmund og Cathrine Kårvatn får kulturlandskapsprisen i 2022. Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe.
01.09.2022
Behandlinga av elvane i Drivaregionen er avslutta for denne gong. Behandlinga vert gjentatt neste år til same tid.
24.08.2022