Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nyleg heldt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit miniseminar om landbruksbasert biogass for kommunane, med fokus på teknisk vurdering av søknad, og høyring på utsleppsløyve.
16.06.2023
I feiringa av sankthansaften er det mange som ønskjer å brenne bål. Nokre vel å sette fyr på avfallet sitt, men å brenne avfall er både skadeleg og ulovleg.
15.06.2023
Vestnes kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2022 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.
14.06.2023
Tilskotet skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skoler. Målet er at dei tilsette kan nytte sin kompetanse betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane.
Alle barn og unge har rett til å bli beskytta mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Offentlege tenester og skoler har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Dei plikter å hjelpe barn og unge som er utsett.
13.06.2023
PPT skal tilrå timar med assistent i sakkunnig vurdering, når dei vurderer at eleven har behov det. Det slår Utdanningsdirektoratet fast.
Onsdag 14. juni klokka 12 vert det gjennomført ein nasjonal varslingsprøve over heile Noreg. Politiet sender ut test av Naudvarsel på mobil, og Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Lova skal førebygge bustadsosiale utfordringar. Den skal bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får bistand til å skaffe seg og behalde ein bustad.
09.06.2023
Statsforvaltaren sitt arbeid for å hindre forureining frå det nedlagde avfallsanlegget på Eide, held fram med nye midlar.
08.06.2023
Det er eit stort behov for å prioritere tryggleik og beredskap, og tida for å prioritere beredskap er no! Dette kjem fram av rapporten til Totalberedskapskommisjonen NOU2023:17.
07.06.2023