Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Stortinget har vedteke å auke skjønsramma til vertskommunar som har vesentlege utgifter til ukrainske flyktningar i mottaksfasen.
24.08.2022
Statsforvaltaren fordeler ein del av midlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon.
Ullensvang kommune har gjort vedtak om endring av leiarstruktur i fleire barnehagar. Vi har i lovlegkontroll konkludert med at vedtaket er ugyldig, og har difor oppheva vedtaket.
18.08.2022
Der Ungdommen Er – DUE – er eit ubyråkratisk barnevernstiltak og bu- og nærmiljøtiltak i Bergen kommune. Frå oppstarten i 2003 til mars 2022 har om lag 700 born, ungdommar og deira familiar motteke miljøterapeutisk oppfølging gjennom DUE-tiltaket.
12.08.2022
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-arbeidet i Vestland inviterer deg til å nominere kandidatar til årets Leve hele livet-pris. Forslag kan du sende til oss innan 18. august.
09.08.2022, Endret 09.08.2022
Statsforvaltaren oppmodar kommunane om å leggje informasjon på nettsidene sine om korleis tilbodet om psykososial oppfølging er organisert, og korleis innbyggjarane kan ta kontakt.
08.08.2022, Endret 08.08.2022
Ei ny kartlegging viser at fleire kommunar i Vestland treng betre planar for å sikre at tilsette som møter barn og unge har naudsynt kompetanse til å fange opp og følgje opp tilfelle av vald og overgrep.
04.08.2022
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik besøkte Statens hus i Leikanger tysdag 2. august. Tema for møtet var mellom anna prosessen for eventuell deling av Kinn kommune, og arbeidet framover.
02.08.2022
Du kan få utbetalt 1000 kroner i vrakpant når du leverer din kasserte fritidsbåt til eit lovleg avfallsmottak.
15.07.2022, Endret 06.09.2024
Kinn kommunestyre har vedteke å søkje om utgreiing av deling av Kinn kommune. Rådgjevings- og revisjonsselskapet BDO har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensar ved deling av kommunen. Rapporten er no ferdig, og blir i dag presentert i eit møte med kommunen.
14.07.2022