Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Statsforvaltaren i Vestland held pressekonferanse om avgjerda i tilsynssaka om tvillingane Mina og Mille. Dei mista livet medan dei fekk tenester frå barnevernet og helsetenestene. Pressekonferansen skal vere i Oslo Kongressenter onsdag 21. februar kl. 12.00.
15.02.2024
Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn på bakgrunn av informasjon frå barnevernstenesta om ei overgrepssak. Tilsynet har avdekt alvorlege manglar ved Hardanger barnevern si oppfølging av ein familie.
«Den tidlegare ordføraren sa at er det eitt kurs eg skal gå på, så er det medietreningskurset i regi av Statsforvaltaren», var ei av tilbakemeldingane vi fekk frå ein ordførar etter medietreningskurset førre veke.
12.02.2024
Vi startar verneprosess for meir enn 17 km² på Frønningen i Lærdal kommune. Området husar uvanleg gamal, storvokst furuskog av nasjonal verdi. Området er så langt det største etter prosedyra for frivillig skogvern i fylket.
08.02.2024
Statsforvaltaren i Vestland ønskjer alle ein riktig god samefolkets dag!
06.02.2024
Miljødirektoratet har laga ein webinarserie og møteplass for kommunar om klimatilpasning, utsleppskutt og naturmangfald i planarbeid.
01.02.2024
I august varsla Haukeland Universitetssjukehus om ei alvorleg hending der ein pasient som trong akutt helsehjelp ikkje fekk nødvendig behandling. Pasienten vart ikkje operert, og døydde. Statsforvaltaren oppretta tilsynssak med sjukehuset.
31.01.2024
Sivilombodet har stilt tre konkrete spørsmål til praksisendringa vår i kommunale dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova. Her er svara våre, og meir om bakgrunnen for ordninga.
30.01.2024
Kvart år fører alle statsforvaltarane nasjonale tilsyn der temaet er likt for alle embeta. Føremålet er å avdekkje svikt og å bidra til betre tenester. Her kan du lese kva vi skal føre tilsyn med innan helse og sosial dette året.
Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland er ei høgt vurdert utmerking. I år skal han delast ut for andre gong. Fram til 11. mars har du sjansen til å nominere kandidatar, som du meiner fortener denne heideren.
26.01.2024