Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Løyve til Statkraft AS for mellombels utslepp av anleggsvatn
Fylkesmannen har etter søknad gitt Statkraft AS løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving ved Kvildal kraftverk i Surdal kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.02.2019
Det er i løyve sett grenseverdiar for pH, suspendert stoff og olje i utsleppet. Statkraft AS må ha en beredskapsplan for akutt utslepp.
Sjå løyve og saksutgreiing i dokumentlenka til denne nettsaka.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller [email protected].