Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Stor interesse for urban dyrking

Rundt 90 stykk ville lære meir om urban dyrking i Stavanger 14. mars. Arrangørane er nøgde med at interessa er aukande også på Jæren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2017

- Urban dyrking er ein del av det urbane landbruket, fortalde Annabell Pfluger, næringsutviklar hos Fylkesmannen sin landbruksavdeling. Omgrepet "urbant landbruk" er todelt:

  1. Tradisjonell gardsdrift i urbane områder som leverer varer og tenester direkte til byen eller tettstaden sin befolkning.

  2. Dyrkingsaktiviteter utan direkte næringsøkonomisk betydning, som ofte har eit sosialt formål i tillegg til lokal matproduksjon.
    (kjelde: regjeringen.no)

Eksempel på urban dyrking er felleshagar, skolehagar, takhagar med meir. Under møtet 14.mars høyrte vi på innlegg av Kneiken Felleshage i Trondheim og frå lokale initiativ som enten allereie har starta opp eller som skal setjast i gong i løpet av året:

Det finst mange argument for urbant landbruk. Nokre effektar er til dømes:

  • Auka forståing for landbruket, og brubygging mellom land og by

  • Bidra til å verne matjord

  • Bidra til innovasjon, entreprenørskap og verdiskaping

  • Skape grøne lunger og møteplassar i byane

  • Rekruttering

  • Integrering

  • Mattryggleik og -sikkerheit

Faglag som Bondelaget ser positivt på at fleire og fleire interesserer seg for det urbane landbruket. Bondelaget støttar opp under bybonden på Losæter i Oslo, er medarrangør for den nasjonale konferansen Mat I Byen som går av stabelen 12. april 2017 i Trondheim og har i 2016 stifta eit lokallag i Oslo.

I høgremargen finn du presentasjonane frå møtet om urban dyrking.