Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Interessert i teknologi og landbruk?

Grasslått i Hå
Grasslått i Hå Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Agritech-klynga inviterer bønder til samling på Øksnevad vidaregåande skole 22. oktober kl. 11.45–15.00.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2024

Agritech-klynga søker framoverlente bønder som kan vere med å sikre at utviklinga av produkt innanfor teknologi og landbruk faktisk møter reelle behov.

“Fremtidsbonden” er eit prosjekt støtta gjennom regionale tilretteleggingstiltak frå Rogaland fylkeskommune ut 2025. Prosjektet har som hovudmål å etablere eit nettverk av bønder i Rogaland som skal kunne gi konkrete bestillingar til leverandørindustrien og samstundes bidra til kompetanseheving innan bruken av digitale verktøy i landbruket. Her treng dei innspel frå bønder på det som faktisk er nyttig og gir verdi slik at dei beste løysingane vinn fram. 

Neste samling er 22. oktober. Meld deg på her

 

Foreløpig program for samling 2:

11.45 Gratis lunsj & presentasjon av framtida til Øksnevad​ vidaregåande skole, Jærvegen 990, 4351 Kleppe

12.30 Deling frå forrige "Fremtidsbonden" og arbeidet med moglegheitsplattform​ 

12:50 Presentasjon av nye teknologiar​ 

  • Nye maskinar i fôrproduksjon – Serigstad​ 
  • Din digitale rådgivar – Agdir​ 
  • Sjølvforsynt energi – Røysland gård, Kjell Ivar Ueland​ 

13:40 Pause​ 

14:00 Workshop, kan løysingane fungere for oss?​ 

14.50 Prosjekt i Nordic Edge for deg​ 

15:00 Oppsummering og vel heim

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.