Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Stor vilje til oppdrag som fast verje i Rogaland!

Fylkesmannen har blitt kontakta av nærare 80 personar som visar interesse for oppdrag som fast verje. Det gleder å sjå at vilja til innsats for samfunnet er stor i fylket vårt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2013

Gjennom kampanjen ”Verjeverdig” ønska Fylkesmannen å skaffe faste verjer i Rogaland. Fylkesmannen er positivt overraska over at så mange har tatt kontakt. Den store interessa vi nå ser for oppdrag som fast verje visar at det i Rogaland er mange som ønskjer å gjere ei innsats for sine medmenskjer.

Fylkesmannen bruker nå tid på å velje gode faste verjer blant alle dei flotte personane som  har tatt kontakt med oss. Arbeidet med å velje kven som blir faste verjer i denne omgang er det fagdirektør Kristine Enger som leier. Om dei som har vist interesse kan ho opplyse følgjende:

”Dette er folk med veldig ulik bakgrunn og erfaring. Felles for dei aller fleste er at dei er godt voksne, har eit tydeleg samfunnsengasjement og ønsker å bruke en del av den tida dei har til rådighet til noe meiningsfylt og lærerikt. Eit av dei viktigaste måla i verjemålsreforma er å auke rettsikkerheita for dei som ikkje kan ivareta sine eigne interesser. Å få vere med på denne reforma frå starten av, er også noe som er spennande for mange.”